Nyheter

Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

MANNsseminar 2018

juni 10| 13:00

MANNSseminar i Salem Juni 2018

Sted: Oppmøte i Salem. Vi kombinerer tur til Damsgårdsfjellet med undersvisning.
Tid: søndag 10. juni ca. 13:00 (etter gudstjenesten).
Ferdig til kl. 17:00.
Vi smører med oss matpakke i Salem, før turen går videre til Damsgårdsfjellet (Ta med turklær).

 

Med fokus på mannsidentitet i ei “kjønnsnøytral tid”

“Well won’t somebody tell me/ Answer if you can!
I want somebody to tell me/ Just what is the soul of a man?”

 

Kva er sjela til ein mann?

Blind Willie Johnson, den legendariske gospel-blues artisten, spelte inn desse kjente tekstlinjene i 1930. Dette var ei tid der eit kjønnsrolle-mønster med klare arbeidsfordelingar gjorde det enklare å finna si rolle. Men frå slutten av 60-talet av, har forvirringa kring kva det vil seia å vera ein mann berre auka. Dette i skuggen av det naudsynte, men også etterkvart overdrivne likestillingsfokuset. Som kristne menn, skulle vi ikkje famla i desse spørsmåla. Men sidan det er vi som kjenner Skaparen av mann og kvinne, skulle vel vi vera trygge i dette spørsmålet!?

Denne sundagen løftar vi spørsmålet om kva sjela til ein mann er fram frå skuggane. Som brør vil vi setja mot i kvarandre, til å vera dei menn Gud har skapt oss til å vera: både audmjuke og rakrygga, med Jesus som vårt store førebilete!

Artist og seminarhaldar Einar Helgaas har spesialisert seg på mannsidentitet, og gjeve ut ein CD på tematikken. På ein engasjerande og involverande måte vil han undervisa gjennom song og ord. Det vert også samtale i grupper. Gå for all del ikkje glipp av MANNSsatsinga i Salem denne sundagen!

Detaljer

Dato:
juni 10
Tid
13:00