Nyheter

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Kveldsmat og fellesskap i Salem skjærtorsdag

april 14| 18:30

Somme er vekkreiste i påskeveka, andre er i Bergen. For oss som er i Bergen, er det kjekt å kunne samlast, og det på tvers av dei tre gudsteneste i Salem. Du som er i Bergen i påskeveka, er difor hjarteleg velkomen til kveldsmat og fellesskap i Salem skjærtorsdag kl. 18:30! Me et kveldsmat ilag, syng/spelar nokre påskesalmar, les påskeevangeliet t.o.m. skjærtorsdag, og har evt. ei lita andakt viss nokon melder seg til å ha dette. Akkurat korleis kvelden blir, er altså litt avhengig av kva dei som kjem kan tenkja seg å bidra med.

Dette er meint som eit arrangement kor alle skal kunne ha låge skuldrer, i tillegg til at det skal vera sosialt og fellesskapsbyggjande å bidra i gjennomføring av arrangementet. Det å vera fleire om å utføra ulike oppgåver, er difor litt av poenget! Me håpar difor at dei som kjem, kan bidra inn i kvelden på ein eller fleire måtar 🙂 Sjå oversikt over arbeidsoppgåver under.

For spørsmål, kontakt Maria Sørhus på e-post (sorhusmaria@gmail.com) eller tlf. 45 42 96 10.

For å vita kor mykje mat me skal handla inn, og kor mange me skal dekka bord til, blir det påmelding til dette arrangementet. Påmeldingsfristen er MÅNDAG 11. april i påskeveka. Påmelding til sorhusmaria@gmail.com, eller trykk «delta» på Facebook-arrangementet. NB! Opplys i påmeldinga om du har matallergiar.

 

Arbeidsoppgåver som me utfordrar dei som deltek til å bidra inn i: 

– innkjøp av matvarer til kveldsmaten tysdag 12. april eller onsdag 13. april (NB! Me som deltek på arrangementet, deler på matutgiftene i etterkant av arrangementet).

– matlaging (skjærtorsdag ettermiddag/kveld)

– dekking av bord (skjærtorsdag ettermiddag/kveld)

– rydding og oppvask etter arrangementet

– lovsong/musikalsk bidrag

– opplesing av påskeevangeliet og/eller andakt

– anna?

Viktige detaljar oppsummert: 

* Kveldsmat og fellesskap i Salem skjærtorsdag, 14. april kl. 18:30

* Påmelding (og orientering om evt. matallergiar) til sorhusmaria@gmail.com, eller trykk «delta» på Facebook-arrangementet.

* Kostnad: Me deler matutgiftene mellom oss, me som deltek på arrangementet.

* Kan du bidra med noko? Sjå oversikt over arbeidsoppgåver i invitasjonen, og meld frå om kva du kan bidra med til sorhusmaria@gmail.com, eller i kommentarfeltet til Facebook-arrangementet. Saman gjer me dette til eit kjekt arrangement med godt fellesskap!

Detaljer

Dato:
april 14
Tid
18:30