Med Jesus som førebilete.

Kjenner du Gud?

Kva plass har Gud i kvardagen din? Tek du han med deg i det daglege livet? Eller er han med på kjøtt og flesk – ein som slepp til når ting blir vanskeleg og blir gløymd når livet er bra? Eller kanskje er han ikkje ein del av livet ditt i det heile?

Gud seier ”For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer, gudskjenskap framfor brennoffer.”(Hos 6,6) Eg har lese dette verset før, men ikkje tenkt over kva det betyr. Men så las eg det på engelsk. Der står det: ”I want you to show love, not offer sacrifices. I want you to know me more than I want burnt offerings.”

Gud vil at du skal ha kjærleik til han, ikkje at du skal ha eit pliktforhold til han. Han vil kjenna deg og ha eit personleg forhold til deg, og ønsker at det du gjer skal bli gjort i kjærleik. Det er viktigare for han enn at du brukar tida di på mange typar gjerningar fordi du burde.

No seier eg ikkje at det er feil å bruka tid på kristne aktivitetar, menighet og andre ting som me brukar tid på. For det er viktige og gode ting. Noko som kan gi energi og glede, og hjelpa andre til å bli kjend med Jesus . Men om det sluker tida og  tankane våre, blir det ikkje plass til Gud. I Romarane 8,7-8 står det: ”Focusing on the self is the opposite of focusing on God. Anyone completely absorbed in self ignores God, ends up thinking more about self than God. That person ignores who God is and what he is doing. And God isn’t pleased at being ignored.”

Gud vil ikkje at du berre skal ta kontakt når det passar deg, han vil vera hovudfokuset i livet ditt. Gud vil vera nr. 1.  Men han tvingar seg ikkje på, du må la han virka i livet ditt.

Er du villig til å gi slepp på deg sjølv for å sleppa Gud til?

Powered by Cornerstone