Nåde med stor N

Nåde er eit mykje omtalt begrep innanfor kristne krinsar. Kanskje den blir så ofte nemnd at vi tar den for gitt?

Somme gonger kjenner eg på at eg nesten blir likegyldig til nåden. Då kan det vere godt å minnast kva vi faktisk eig i frelsa og Guds nådes djupe skattar.

Guds frelsande nåde er ikkje som «vanleg» nåde. Vi menneske kan og vera nådige med kvarandre. Vi kan både gi og få tilgjeving. Men det kan vere vanskelig å gløyme. Gjennom eit liv kan det vere mange ting ein angrar på og skammar seg over. Det blir derfor stort når vi oppdagar korleis Gud ser på oss! Har du tenkt på at Gud ser på deg gjennom Jesus, som om du aldri har synda? Om vi vender om og går til Jesus med våre synder, får vi ikkje berre tilgjeving, men skuldspørsmålet blir gløymt:

Kol 2:14 Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.
Kol 1:22 Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg,
Heb 10:14 For med ei einaste offergåve har han for alltid gjort dei som blir helga, fullkomne.

Det stoppar ikkje der. Du får også Jesu liv i gåve. Om du har ei tavle i hjartet ditt med alle syndene dine påskrivne, og dei blir viska ut, blir ikkje tavla ståande tom. Jesu liv blir skrive inn så det blir ditt.

Kol 3:4
Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Mitt nyttårsforsett er ikkje at musklane mine skal bli større, men at nåden skal bli endå større for meg. Då er det godt og nødvendig å minnast kva Bibelen seier om nåden og kva vi har i vente når vi ein dag skal stå framfor Guds andlet.

Ef 1:4
I Kristus valde han oss ut
 før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil.
I kjærleik

Powered by Cornerstone